OPPDATERT 05/09/2010
Med 4-1 tap i helga mot Lørenskog, etter at Valdres Fk ledet 1-0 etter scoring ved Bjørn Rudolf Øygard, blir Mo-kampen svært viktig førstkommende helg.
«Valdres FK hadde tre poeng i lomma til det stod att 22 minutt av kampen mot Lørenskog på Rolvsrud stadion laurdag ettermiddag. Men fire baklengsmål på 20 minutt førte til at valdrisane måtte reise heim med eit surt 4-1-tap, skriver avisa Valdres.
Valdres låg bakpå i fyrste halvdel av 1. omgang, men så snudde det, og etter 25 minutt headar Bjørn Rudolf Øygard elegant ballen i mål etter frispark.
Valdres la seg bakpå i 2. omgang og såg ut til å ha kontroll. Men etter 67 minutts spel oppstår det ein situasjon inne på femmeteren til Valdres. Kai Erik Rundbråten hoppar opp og tek ein ball i klypene. I neste sekund ligg både Rundbråten og midtstoppar Vetle Gullowsen på bakken.
– Eg kjente berre at eg fekk eit spark i låret som gjer skikkeleg vondt, og då eg vaknar opp att har dommaren blese straffe mot oss, seier Rundbråten, som stiller seg uforståande til straffa.
– Ein 50-50-situasjon, mann mot mann, seier Gullowsen, som heller ikkje meinte det var straffe.
Men ifølgje dommar Audun Fremstad skal Gullowsen ha brukt strake armar mot ein Lørenskog-spelar inne i feltet. Etter dette går gnisten ut av Valdres-laget. Lørenskog får tre draumetreff på rad og dermed stod det 4-1 til heimelaget. Det var ein fortent seier over eit Valdres-lag som må skjerpe seg for å unngå nedrykk frå 2. divisjon.»



