OPPDATERT 26/07/2010
Oppstarten etter ferien vart dessverre ikkje slik vi hadde håpa på. Etter å ha tapt den siste kampen før ferien på bortebane mot Ullensaker/Kisa, var vi svært lystne på å ta poeng i første kamp etter ferien. Denne gjekk også på bortebane. Ham-Kam ville det anleis, og vann fortent 2-0.
I kampen mot Ham-kam fekk vi eit gjensyn att med Steffen Rabben. Steffen blir nok ei viktig brikke utover for Valdres FK, både på trening og kamp.
Per Kristian (PK) fekk gult kort i den kampen, og må stå over kampen mot Tromsø2. Ellers fekk Vetle ein strekk i låret, men vi håpar han rekk Tromsø – kampen.
Laget, og dei rundt, jobbar hardt for at det skal bli ein ny seier på heimebane mot Tromsø 2. I fjorårskampen vann som kjent Valdres FK 2-0.
Den siste veka no har det på treningsfeltet vore fokus på relasjoner/samhandling, speleglede og å gjere kvarandre gode/ bedre? Vi skal no ha to heimekamper på rad. Den første er mot Tromsø 2 måndag 26. juli, og den andre mot Brumunddal laurdag 31. juli. Etter dei to kampane er målet framleis å vere det beste heimelaget i avdelinga. Vi har like mange poeng no, på 12 kamper, som vi hadde i fjor på 14 kamper. Det er tett både oppover og nedover på tabellen. For at haustsesongen skal bli burgunder, og i «dragens tegn», må vi fortsette med poengsankinga på heimebane, og samtidig begynne å ta trepoengere på bortebane. Vi gler oss enormt til å ta imot Tromsø 2, og forhåpentlegvis gi publikum valuta for pengane.
Vel møtt på Blåbærmyra i kveld kl. 18!



