OPPDATERT 25/04/2010
G19-laget til Valdres FK vann høgst fortjent 3 - 1 mot Hønefoss BK i 1. runde-kampen i NM på Blåbærmyra søndag.Følgende sto i Avisa-Valdres etter kampen:
Hønefoss BK tok leiinga alt i det 8. minutt, men etter eit lite Hønefoss-overtak i denne perioden, tok Valdres FK meir og meir over etter at Desmond Chappy utlikna til 1 - 1 på ein frekk hælstuss inne i feltet i det 10. minutt.
Både Chappy og Runar Brenden hadde fleire halvsjansar, og etter 35 minutt scora Brenden på eit lågt skot frå 10 meter.
I andre omgang var det bortimot einvegskjøring mot Hønefoss-målet. Brenden hadde fleire gjennomløpingar og skot, utan å få ballen i mål. Også venstreback Lars Hestad imponerte med offensivt spel og farlege skot.
Valdres-kaptein Simen Høglien dominerte på midtbanen, og etter 72 minutt sette han eit frispark heilt oppe i vinkelen frå 25 meters hald, og sikre med det sluttresultatet 3 - 1 til Valdres.
I midtforsvaret rydda Knut Masdal opp i dei få tilløpa frå Hønefoss, som heller ikkje slapp mykje meir til sjølv om Valdres mot slutten hadde bytta ut nesten halve laget.



