OPPDATERT 21/04/2010
Valdres FK har startet sesongen veldig bra for begge sine senior herrelag. Seier lørdag og seier mandag. I kveld er det juniorene som møter Lillestrøm!
Morten Buene har skrevet referat fra kampen mellom Valdres FK2 og Stange mandag:
Valdres FK2 6 - 1 Stange
Me gjennomføre 35 gode minutt i 1.omg. Da skapar me mykje, og er gode. I andre omg har vi og 25-30 svært gode minutt, der vi spelar godt og skapar mange svære sjanser. Berre 4 min er gått då Ayouba slår an tonen. Han avsluttar eit nydeleg angrep med å sette ballen utagbart til sides for Stange sin bestemann, keeperen.
Etter 9 min er Ole igjennom etter ein flott kombinasjon. Etter 20 min har Edmond og Axel ein kombinasjon som endar i korner. Den endar 10 cm utanfor. 2 min seinare legg Joakim ein perfekt korner på hovudet til Ayouba 2-0.
25 min er gått då Edmond er aleine gjennom, men skotet stryk utanfor.
Etter 32 min avsluttar Ayouba eit kjempeangrep, regissert av Andre og Axel. Desverre får han ikkje ordentleg klem på skotet fra 5 meter.
Etter 37 min blir det slått ein ny god korner, som endar med at ein Stange-spelar hendsar. Straffen set "never miss a penalty" til sides for keeper. Så dett tempoet litt, og me inviterer Stange litt inn i kampen.
42 min er gått då dei skorar på sin første s janse i kampen. Rett før pause har Edmond ein kjempesjanse aleine med keeper, men ballen går til sides for mål.
I starten av 2.omg skrur me oppatt tempoet og Ayouba held på å skore på nytt etter 49 min, då han stressar stopparen og keeperen til Stange til å gjere feil.
55 min viser uret då Edmond har sett fart, og ein svimmel Stange -spelar lagar ein SOLE-klar straffe. Den endar til slutt med at Edmond enkelt knallar den inn ,4-1. 12 min seinare er Edmond på ny på farten, med eit skot som keeper med nød og neppe avklarar.
70 min er gått då vi får 2 GIGAsjanser etter korner. Først blir forsøket frå Sondre redda på streken av ein spelar, deretter har keeper dagens redning på returen frå Ayouba.
3 min seinare har Ayouba ein ny kjempesjanse, skot frå 13 meter.
Etter 74 min gjer Albert ein enorm returjobb, då han klarar å avverge at ein Stange-spelar puttar ballen i tomt bur.
82 min Ayouba på plass igjen, denne gongen utagbart for keeper, 5-1.
84 min Axel kjem aleine med keeper, men bles den over.
Så 2 min etterpå skorar Axel med ein knallhardt skot frå 17 meter 6-1.
88 min er gått då Ayouba har ein ny kjempesjanse aleine med keeper, men skotet frå 6 meter går over. 89 viser uret då Joakim avsluttar ein gedigen sjanse ver, aleine med keeper, etter ei flott handballopprulling.



